Tuesday, September 30

Yep, yep, yep, hmmmyep, yep, hmnei.

Slik starta dagen for meg i Buret på Hangar 3 i dag. Fullestendig gjennomgang av vertkøytavla, med om lag 150 artiklar. Fann i underkant av ti manglar. Så veit De det.

Ut over det var eg på Krav Maga-trening i går, noko som var ei interessant og travel oppleving. Det hjalp ikkje på at eg måtte gå tilbake til Basen, ein times spasertur. I regn. Og vind.

Ein risikerar å verte våt under slike tilhøve. Berre så det er sagt.

Vel framme i vakta gjekk eg inn og varma meg litt før eg skulle ta til på den ti minutt lange (!) spaserturen frå vakta til kaserna. Gutta i vaktbua syntest så synd på meg at eg vart køyrd bort av ei vennleg sjel. Grei ordning.

I øvrig nytt kan ein nemne at litchi smakar best fersk, slik ein får han i Thailand.

2 comments:

Karina said...

Du skriv sånn at d blir interessant, Christian, håpe fortsettelsen av oppholdet blir ihvertfall like bra, om ikke bedre ;)

Christians tanker said...

Krav Maga er då verd å verte litt blaut for...

Nokre blåmerke?