Tuesday, September 30

Yep, yep, yep, hmmmyep, yep, hmnei.

Slik starta dagen for meg i Buret på Hangar 3 i dag. Fullestendig gjennomgang av vertkøytavla, med om lag 150 artiklar. Fann i underkant av ti manglar. Så veit De det.

Ut over det var eg på Krav Maga-trening i går, noko som var ei interessant og travel oppleving. Det hjalp ikkje på at eg måtte gå tilbake til Basen, ein times spasertur. I regn. Og vind.

Ein risikerar å verte våt under slike tilhøve. Berre så det er sagt.

Vel framme i vakta gjekk eg inn og varma meg litt før eg skulle ta til på den ti minutt lange (!) spaserturen frå vakta til kaserna. Gutta i vaktbua syntest så synd på meg at eg vart køyrd bort av ei vennleg sjel. Grei ordning.

I øvrig nytt kan ein nemne at litchi smakar best fersk, slik ein får han i Thailand.

Sunday, September 28

Bodø, like spanande som å sjå gras turke.

Vind, flydur, meir vind, meir flydur, flydrønn, regn.
Slik er livet på BHFS (Bodø Hovudflystasjon) i eit netaskal. Berre avbrote av svevn, uppstilling, lagerteneste og velferdo.

No lyt eg avgå ved svevnen, men eg kjem truleg til å skrive meir. Her er nemleg ikkje stort anna å gjere her.