Thursday, October 30

Aaaah, endeleg nett

Frøystad, denne er til deg:



For dei uinnvidde: Pingvinen er symbolet til Linux, og Gnomen prøvde å få meg over på surret. Men etter ei mengd frustrasjon over at ein må installere hundreogfjertifem program - som berre finst på nett - for å få kome seg på nett.

Så no er det tilbake på Windows XP, og tilbake i Buret. Eigentleg ganske greie saker.

Elles er det ikkje så mykje å melde.

Om ein då ikkje skal ta med eit dikt av Arne Hjeltnes:

LEDIG STILLING

Leitar du etter
ein skikkeleg kar,
som kan ta i eit tak,
har erfaring frå gard?

Skal du ha hjelp
av ein framifrå fyr
som gjer det han skal
utan klaging og styr?

Har du bruk for ein mann,
velbygd og god,
som kjem når han skal,
og jobbar for to?

Treng du ein mann
som er ærleg o snill?
Då seier eg berre
lukke til!

Thursday, October 2

Action

Er eit framandord i buret på H3. Har til no i dag sett x antall youtube-filmar, ein del Zero Punctuation-filmar (som anbefalast om du er litt nerd og god i engelsk), samt ymse anna skit.I morgon skal eg til H6 og avlaste ein kar der, samt få litt opplæring i korleis lageret der vert drive, slik at eg kan sitje der og passe på at hysjhysj-delane ikkje flyg sin veg utan å skrive seg ut først.

Whopeee